Skinn og skinnprodukt

Våren 2022 var Tone på kurs i skinnfellsaum. Dette resulterte i ønske om å starte sal av ulike skinn og skinn produkt.  Alt eg lagar kan og bør i stor grad tilpassast den enkelte. Eg har eit uvalg av trykkblokker allereie, og kjem til å skaffe fleire etterkvart.

Du kan bestille skinnfell, babypose og sitjeunderlag.

Skinna eg brukar er garva i Ølen på Granberg garveri og kjem frå eigne sauer på garden. Spælsauen har ull som varierar frå svart, brun, grå og kvit. Dette gjer at produkta blir spennande og unike.

Prisane vil variera etter trykk, saum, størresle og antall skinn. Skal du ha vara til ein spesiel anledning bør du vere ute i god tid slik at eg får tak i skinn. 

Eg har eit lite utval av varer, men eg lagar det meste på bestilling.

 

Skinnfell med eller utan trykk            1600-2000 kr

Sitjeunderlag utan brudekant             500-700 kr

Sitjeunderlag med brudekant             800-1000 kr

Skinnfell med to skinn                          4000-5000 kr

Skinnfell med fleire enn 2 skinn          7000++ kr

Babypose                                                 6000-7000 kr