Dyra på Bakken gard

Kyr

Dyra på garden er veldig viktige for oss og me har i fleire år jobba for å få gå over til kurasen vestlandsraudkolle. Dette er ein av dei eldste kurasane me har i Noreg og den blir betegna som urfe. Desse kyra er kjend for godt lynne, god helse og dei har enkle kalvingar. Vestlandsraudkolle er rekna som utrydningstrua og det er bevaringsprogram for rasen. Kyra er gode kombinasjonkyr,  som vil sei at dei er gode til både kjøtt og melke produksjon. På Bakken gard har me 10 vaksne melkekyr til ei kvar tid i tillegg til ungdyr og småkalvar. 

På Bakken Gard kan du får kjøpt kjøtt frå urfe. Sjå produkt for meir informasjon og prislister.

Sau

Sauene på garden er av rasen gammalnorsk spælsau. Den er etterkommar av den gamle  opprinnelige sauerasane me hadde i landet. Denne rasen er ikkje trua, men blir rekna som sårbar.

Sauene på Bakken Gard er inne på vinteren og ute frå mars til oktober. Om våren lemmer dei ute og driv oppover til fjells etter maten. Når hausten er her og det blir mindre mat kjem dei heim att. Sauene er utstyrt med GPS sendar som gjer at me kan følgje med kor dei er. Bakken Gard har i 2022 13 sauer med lam.

Du kan få kjøpt skinn frå både sau og lam. I tillegg kan du bestille ulike produkt med trykk. Sjå produkt og prisliste.