Kjøtt

Vinteren 2023 fekk me nytt gardsutsal. Her har me kjøt for sal heile tida. Det varierer mellom okse- og kalvekjøt frå Vestlandsraudkolle. Skal du ha selskap eller bestemte kjøttstykker ta kontakt med oss for bestilling.
 
Kjøtet frå desse dyra er smaksrikt og finfibra. Denne kurasen går under betegnelsen urfe, ein av dei eldste kurasane i Noreg. Kjøtt frå storfe som reknas som urfe er ekslusivt og ikkje enkelt å få tak i. Dyra er sertifisert økologisk, men kjøttet er ikkje sertifisert etter slakting. Likevel kan du vere trygg på at kjøtet held høg kvalitet.