Om oss
Bakken Gard ligg på Austarheim i Sauda kommune, om lag 4 km frå sentrum. Garden blir i dag drifta av Atle og LIv Løland som overtok garden i 1992. Dei har dreve med mjølkekyr og litt sau, i tillegg til eige sagbruk. Etter planen er Atle pensjonist om nokre år og neste generasjon står klare til å overta. Det er mykje som skal lærast vidare og derfor er neste generasjon meir og meir involvert i drifta på Bakken Gard.
Alt av skog som blir tatt ut blir foredla til ved eller material på «Sagå». Drifta på Bakken Gard har sidan 1995 vore økologisk og Debiogodkjend. Dette betyr i praksis at det ikkje blir nytte kunstgjødsel, sprøytemiddel og regelverket for dyrehald er strengare enn ved konvensjonelt husdyrhald.
Per i dag er buskapen på garden 10 melkekyr av rasen Vestlandsraudkolle, 4 kviger, 1 okse og 10 småkalvar. Me har også 13 vaksne sauer med lam av rasen gamal norsk spælsau. Og som mange andre gardar har me ein hund, Katia.
Bakken Gard består av 110 dekar dyrkamark der me dyrkar vinterfor til dyra. Me har 100 dekar med beite. Om lag 2/3 av arealet er leigejord. Åkeren med grønsaker og poteter måler om lag 3 dekar.